Draktmateriale frå Aust- og Midt-Telemark
kr 80
Rapport utarbeidd av Bunad og folkedraktrådet
Ingebjørg Gravjord
40 sider
Rapporten byggjer i hovudsak på draktplagg som vart registrerte på Evju Bygdetun i 1980 og på Heddal Bygdetun i 1982. På Evju var det samla inn plagg frå kommunane Bø og Sauherad og registreringane i Heddal omfatta Hjartdal med Sauland og Tuddal, Gransherad og Heddal med Lisleherad.
Rapporten vil leggje mest vekt på gjennomgåing av det registrerte materialet, deretter ved å supplere med andre kjelder, prøve å klarleggje korleis tradisjonen, påverknad utanfrå og lokale og individuelle variasjonar har forma klesskikken i desse bygdene. Naturleg nok så er det fest- og høgtidskleda som er tekne vare på, det er også stort sett desse vi finn i skifteregistreringane og på biletframstillingane. Men vi veit også at fleire plagg som opphavleg har vore laga til høgtidsbruk, har enda som kvardagsplagg og til slutt som filleplukk.
Utsolgt
Tilleggsinformasjon
Vekt | 170 g |
---|
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.