Telemarksviser
kr 450
Folkesong i Telemark
Kari Lønnestad
Folkemusikkarkivet i Telemark
ISBN 978-82-92053-53-9
2012
I denne boka finn du songar frå folkesongtradisjonen i Telemark. Her er viser, stev, småstubbar, bånsullar, balladar og religiøse folketonar – ei variert samling av smått og stort frå mange kantar av fylket.
Boka inneheld notar, tekstar og kommentarar, og det er innlagt to cd`ar med opptak av alle melodiane, slik at dei skal vere lettare å lære. Det er Jon Anders Halvorsen, Ragnar Haugstøl, Anne Gravir Klykken, Kari Lønnestad, Øyonn Groven Myhren og Aasmund Nordstoga som har sunge inn nokre vers av kvar vise for denne utgjevinga. I tillegg inneheld boka ein kort presentasjon av songkjeldene, forfattarane og samlarane som er representerte. Utan dei ville vi ikkje hatt en så rik songskatt å ause av.
Det er Folkemusikkarkivet i Telemark som står bak denne utgjevinga, og utvalet er gjort av Kari Lønnestad. Ho har vore tilsett ved arkivet sidan det blei etablert i 1999 og har også mange år som folkesongar bak seg.
Tilleggsinformasjon
Vekt | 1220 g |
---|
Relaterte produkter
-
Myllarguten – Haavard Gibøen
0 av 5kr 190 Legg til i handlekurv -
Spelemannslaget Bøheringen 1934 – 2009
0 av 5kr 150 Legg til i handlekurv -
Torkjell Haugerud Minneskrift
0 av 5kr 80 Legg til i handlekurv -
Olav G. Helland og felemakerkunst i Telemark fram til 1960-årene
0 av 5kr 390 Legg til i handlekurv
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.